Nokre gongar blir ein hugteken, eg vart det i Fotturar i Norge av Gaute M. Sortland. Eg var ikkje aleine om det, novellesamlinga vart nemlig nominerte til Bokbloggarprisen 2015.
Dette var verkeleg ei av dei kjekkaste bøkene eg las i 2015, og eg, som mange fleir, nominerte han til Bokbloggarprisen.
Eg står i fare for å gjenteke meg sjølv, men eg vart altså så inderleg glad i denne korte samlinga av historier, der Fotturar i Norge nærast kunne erstatte kva det måtte vere. Sjølv om tittelen mogleikens får deg til å tro at dette er ei historie om turar i skog og mark er det ikkje det. Dette er korte tekstar; rørande historier, dei gav ein noko å tenka på, det var dei såre, dei vare og det var mykje humor - kort sagt så rommar samlinga det meiste av det eg tenkjar er ein del av livet. Samlinga får ein rett og slett til å hugse på kor fint kvardagslivet er.
Eg sluttar ikkje å la meg imponere over dei som kan kunsten å fortelle ei historie som rommar så mye med bare få ord. Alice Munro er ei som er svært dyktig til det, jammen meg klarer Gaute M. Sortland det også, og det med endå færre ord.
Fotturar i Norge vil eg jammen meg at fleire enn meg skal få glede av. Med under 100 sider så bør det ikkje være noko å kvi seg for å forsøke seg på. Så, kva ventar du eigentleg på?
Eg lånte forresten bok på biblioteket.
Om bloggerenMari jobber til daglig på kontor i et elektrikerfirma, i tillegg er hun redaktør/prosjektleder for NUBB.nu - nettsted som arbeider med formidling av nordisk ungdomslitteratur. Hun driver Bokblogger.no, der finner du en oversikt over de fleste norske bokblogger.

